fredag, 26 august 2016 09:58

Telenor Xtra FFO hausten 2016 Spesial

Skrive av 

Opplegget for Telenor Xtra FFO hausten 2016 endeleg klart!

Det er igjen klart for Telenor Xtra FFO. Eid IL Fotball ønskjer å vidareføre dette tilbodet for born i Eid kommune. Vi er no inne i andre halvår av fritidsordninga, og ønskjer å gjere nokre justeringar som gjer at dagen blir enda betre.

To dagar med FFO og masse aktivitet

Vi vil no tilby 2 dagar med Telenor Xtra. Dette blir tysdagar frå 0715 - 0830 (morgontrening) og onsdagar i perioden 1200 - 1500. Aktiviteten vil bli mykje det samme. Tema som blir tekne opp er sjef over ballen (teknikk og individuelle ferdigheiter med ball), skåringstrening og sjølve kampen med småspel og større spel. I tillegg vil vi sjå på tema som bevegelseslære, motorikk, litt lett styrke med bruk av kroppsvekt, samt leik og moro.

Eigen avdeling på Hjelle

På Hjelle er der mange ivrige spelarar, og vi hadde god deltaking frå spelarar frå Heia IL første halvår. Vi ønskjer difor å tilby ei eiga trening på Hjelle for dei som høyrer til Hjelle skule. Denne treninga blir då tysdagar 0715 - 0830. I tillegg vil vi parallellt køyre trening for dei resterande i Eid kommune på Eid i same tidsrom.

Onsdagen samlar vi heile kommuna på Eid i tida 1200 - 1500.

Gode innstruktørar og sammarbeidspartnarar

Vi er veldig glade for å ha gjort avtalar med mange av dei same innstruktørane som var med på våren. Sportskoordinator Bjørn Totland vil vere leiar og ha ansvar for opplegget på Telenor Xtra. I tillegg vil Lars Kongsvoll, Henrik Rand og Mukhtar Wed Keren fortsatt bli med i teamet. Alle desse trenarane vil og innan kort tid kurse seg enda meir via NFF sitt utdanningsløp. Noko som vil gje treningane enda eit løft.

På tysdagane vil borna få møte spelarar og elevar frå Eid Vidaregåande Skule, i tillegg vil sportskoordinator Bjørn Totland vere til stades. Eid IL Fotball har gjennom sitt gode sammarbeid med Eid Vidaregåande Skule no bygd på faget Breddeidrett. Faget der fotballspelarar får kombinert skule med fotballtrening lar og no elevane få ta del i trenaryrket. Vi er stolte og glade for at sammarbeidet mellom fotball og EVS blir enda betre utvikla på denne måten. No legg vi ein platform for at fotballspelarar skal få nok trening, og i tillegg også lære litt om trenaryrket.

Eid IL Fotball vil også rette ein takk til Eid kommune v/flyktningetenesta og skulesektoren. Vi møter velvilje og positivitet i vårt arbeid med å skape eit tilbod om aktivitet. Dette gjeld då spesielt når vi treng tilgang til anlegg og vårt arbeid med integrering.

Pris, påmelding, kven kan vere med og tidsrom Telenor Xtra

Vi har sett på korleis vi gjorde det i vår, og har no gjort justeringar. Dette gjeld også for prisen. Vi lanserar no 2 tilbod for dei som vil gå på Telenor Xtra. Enten er du med tysdag og onsdag, eller du er med kun onsdag. Telenor Xtra er for 3. - 6. klasse, men vi åpnar også opp for at dei som går i 7. klasse skal få vere med. Telenor Xtra er ein ypperleg møtestad for å bli kjent med jamnaldringar frå dei ulike krinsane. Det blir treningar på tvers av kjønn og alder, og samhald og fair-play er prioritert.

Telnor Xtra vil hausten foregår i september, oktober og november.

Prisane er som føgjer:

Tysdagar og onsdagar: 24 treningar i perioden september - november NOK 2 500.-

Onsdagar: 12 treningar i periodsen september - november NOK 2 000.-

Påmelding

Du sender ein e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  der du skriv kva dagar du ønskjer å vere med på. Vel du tysdag og onsdag så skriv du og kva morgontrening du ønskjer å delta på. I tillegg ønskjer vi følgande info; namn, fødselsdato, namn foreldre, e-post foreldre og tlfnr. foreldre.

Fakturar vil bli sendt ut tidleg i september.

Dei som melder seg på vil få ein bekreftelse via e-post, samt informasjon om oppmøtetid og stad. Dei vil og få informasjon om bestilling av treningstøy. Treningstøyet leverar fotballforbundet i sammarbeid med Telenor, og det er med i prisen.

Då gler vi oss til ein haust med fotballaktivitet på Telenor Xtra, og håpar vi ser mange nye og kjente born på første treningane i september.

Har du spørsmål til Telenor Xtra så ta gjerne kontakt med sportskoordinator Bjørn Totland på tlf 907 71 263.

Sist redigert fredag, 26 august 2016 10:45

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut