Menn
måndag, 21 april 2014 19:00

Eit poeng i seriepremieren

Skrive av 
Johan Skorge debuterte idag frå start med ein god kamp Johan Skorge debuterte idag frå start med ein god kamp

Eid starta årets 3. divisjon med poeng borte mot Bergsøy.

Det var ei flott ramme som tok imot Eid i Fosnavågen. Bergsøy hadde eit veldig flott anlegg, og med pyroeffeffekter og nesten 400 tilskodarar vart dette ei flott ramme.

Baktungt Eid i 1. omgang

Bergsøy tok tidleg komando i kampen, og trilla mykje ball. Dette førte til at Eid var liggande ufrivilligt lave, og det var ikkje mykje laget fekk til med ballen i denne omgangen. Bergsøy malte på, og skapte nokre store sjansar ila omgangen. Det hadde ikkje vore ufortent om Bergsøy hadde leia etter 1. omgang, men Eid forsvarte seg meget godt.

Best frå 70 min og ut

Etter pausen stod Eid høgare, og det var ei klar målsetning i pausa at vi skulle ut og gå for skåring no. Kampen vart litt åpnare, og Eid kom på nokre fleire overgangar enn i 1. omgang.

Bergsøy skåra så ved Fredrik Muren i det 66. min. Då våkna Eid! Ein la om til ein meir vandt formasjon og stod høgare i bana. Kampbilete endra seg og vi såg no at Bergsøy blei stressa. Utlikninga lot ikkje vente på seg. Henning Haugen stanga inn ein kårner frå Øystein Aabrekk det 72. min.

Etter dette var kampen prega av at Bergsøy hadde ball og prøvde å trenge gjennom eit kompakt Eidaforsvar, mens Eid var farlege på kontra. I det siste minutt kunne faktisk Eid tatt med seg alle poenga heim då Jan Olav Humborstad set opp Øystein Aabrekk forran mål. Desverre vart skostørrelsen til Øystein 2 nr for små.

Ung debutant og fantastisk lagmoral

Johan Skorge som er siste års gut debuterte idag frå start for Eid sitt a-lag, og gjorde ein flott kamp. I tillegg kan ein trekke fram at idag jobba samtlege Eidarar skjortene av seg for poenget. Laginnsats til 1000!

No tek vi imot Årdal laurdag kl 1600 på Eid idrettspark. Då håpar vi på mange tilskodarar!

I tillegg så må ein meget oppadgåande dommartrio nemnast. God tone med spelarane og full kontrol på kampen. Kjekt!

Eid stillte med følgande lag: Tom-Øyvind Solheim, Eivind Skrede, Ove Balsnes, Erik Salvson, Erik Rotihaug, Jan Olav Humborstad, Johan Skorge (Anders Midthjell 22 mins) , Henning Haugen, Øystein Aabrekk, Ruben Kullsveen (Arild Rindal 30 mins), Bjørn Totland.

Gule kort: Bjørn Totland og Erik Rotihaug.

Sist redigert måndag, 21 april 2014 19:20

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut