Menn
måndag, 28 april 2014 08:40

Siger i første heimekamp

Skrive av 
Eid sin seniortropp herrar. Eid sin seniortropp herrar.

Eid sine herrar med god start på årets 3. divisjon.

Laurdag kom Årdal FK på besøk i strålande vær på Eid idrettspark.

Jamn 1. omgang

1. omgang bar preg av to jamne lag som forsvarte seg godt. Ikkje altfor mange sjansar å melde om. Årdal hadde den største då dei kontra på ein Eid-kårner og enda opp med eit stolpeskot. Ellers var dei Eid som etablerte eit vist overtak, men klarte ikkje å spele seg til dei store sjansane.

Tok over i 2. omgang

Anders Midthjell entra bana i 2. omgang, og ein kunne sjå at Anders var spelesugen. Gode innvolveringar og gode løp frå han skapte problem for Årdal. 1-0 skåringa til Eid var av det flotte slaget. Eid vinn ballen på venstreback ved Erik Rothaug. Erik held roen og vi rullar opp i backrekka via Erik Salveson til Eivind Skrede. Eivind set så fart framover i åpe rom mot backrekka til Årdal og stik Jan Olav gjennom med ei nydeleg pasning. Jan Olav slår så inn på første stolpe der Anders har tima løpet perfekt og set ballen i mål. Eit mønsterangrep og godt å sjå at ein får ut litt av det ein trenar på i kamp.

Etter dette er det fortsatt Eid som skapar det som er av sjansar. Ole-Andreas Aarvik har ba. eit skot i tverra.

2-0 kjem etter ein overgang på overtid. Årdal sender opp alle mann for å utlikne. Eid vinn ballen og set på ny ein perfekt overgang. Anders og Jan Olav spring frå Årdal sit forsvar og åleine med keeper set Anders Jan Olav opp på blank kasse. 

Ny kamp med topp innsats

Som mot Bergsøy i serieåpninga bidrog alle dei 14 spelarane frå Eid med full innsats. Akkurat det er svært gledeleg, og så lenge innsatsen er slik skal Eid bli vanskeleg å hanskast med i sesongen.

Eid stillte med følgande lag: Tom-Øyvind Solheim, Eivind Skrede, Ove Balsnes, Erik Salveson, Erik Rotihaug (Arild Rindal 5 mins), Jan Olav Humborstad, Johan Skorge, Henning Haugen, Ruben Kullsveen (Ole-Andreas Aarvik 15 mins), Øystein Aabrekk og Bjørn Totland (Anders Midthjell 45 mins).

Gule kort: Erik Rotihaug og Eivind Skrede.

Eid 2 avslutta helga med siger i 5. divisjonsåpninga

På søndag serieåpna Eid 2 sin sesong i 5. divisjon. Der vart det ein imponerande 5-1 siger over Anga i Førde. Målskårarar var Bengt Kongsvoll, Wael Younis, Daniel Myklebust, Arild Rindal og Elias Lund Johansen.

Gratulerer også til 4 debutantar i seriesamanheng på senior; Arthur Sunndal, Daniel Myklebust, Kristian Lefdal og Joachim Joensen.

Ny kamp for Eid 2 heime mot Selje fredag kl 1900 og bortekamp for Eid sine herrar søndag kl 1500 mot Spjelkavik i Ålesund.

 

Sist redigert måndag, 28 april 2014 09:10
Meir i denne kategorien « Eit poeng i seriepremieren

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut