Menn
laurdag, 18 januar 2014 19:25

Eid-Stryn 0-1 (0-1)

Skrive av 

Ein svært svak 1. omgang av Eid og sjansesløseri i 2. omgang gjorde at Stryn kunne reise heim med en 1-0-seier i 2. runde av vinterserien.

Eid fekk kampens første sjanse etter 3 minutt når Bjørn Totland får avslutta med venstra frå 13-14 meter, men Stryn sin keeper er kjapt nede og reddar skuddet. I løpet av dei neste to minutta skaper Stryn to store sjanser. Først redder Eid sin debutant, keeper Sindre Kolseth, eit skudd frå 10 meter i frå skrått hold. Deretter misser Eid ballen altfor lett på egen banehalvdel og midtforsvaret blir litt for veike i duell med Vegard Hopland som kontrollert set ballen nede i høgre hjørnet frå samme posisjon som den forrige sjansen til Stryn.

Dei første 15-20 minutta er prega av altfor lette balltap og feilpasningar på egen banehalvdel for heimelaget sin del. Kun ein svært god Sindre Kolseth held i denne perioden Eid inne i kampen. Framover har Eid eit par halvfarligheter, bl.a anna etter at Stryn sin keeper ikkje når eit innlegg mot bakerste av Håvard Holmøyvik. Den siste store sjansen før pause får Stian Sandal frå 3 meter, men keeper Kolseth er lynkjapt nede og avvergar at Stryn går til pause med ein 2-0-ledelse. Alt i alt var dette en veldig rotete omgang av Eid der ein i altfor liten grad klarte å presse i lag og få nok spelarar med når ein hadde sjanse å gå, eller aller helst springe i angrep.

2. omgang blei ein langt meir positiv omgang for Eid som såg ut til å ha mykje meir krefter enn i 1. omgang. Her var innbytterane Jan Olav Humborstad og Elias Lund Johansen viktige med si løpskraft og vilje til å gå i duellar. Etter 5 minutt får Anders Midthjell sjansen til å score når keeper er på halvdistanse, men lobben frå 35 meter blir såvidt avverga til corner. To minutt seinare kjem Eid på ei god kontring som Bjørn Totland avsluttar etter at Lund Johansen har lagt inn, men også denne sjansen ender berre med corner. Så følger en periode uten nokon sjanser før Anders Midthjell er svært nær å utligne etter 70 minutt. Han fintar seg fint forbi Stryn sin midtstoppar og avsluttar mot lengste hjørnet, men dessverre går ballen like utafor stolpen. Midthjell får en ny sjanse like etterpå, men som så mange ganger i dag blir også denne avslutninga blokkert til corner.

Einaste sjansane til Stryn som er verdt å nevne i 2. omgang er når keeper Sindre Kolseth må rykke ut på to gjennomspel etter 74 og 82 minutt, men begge gongane får ikkje Stryn sine angriperar avslutta på mål. I løpet av dei siste 10 minutta får så Eid to enorme sjanser til å utligne. Først slår innbyttar Kristian Lefdal ein glimrande ball inn mot Henning Haugen som må bruke to touch før han får avslutta innanfor 5-meteren. Dessverre er dette nok til at Stryn får avverga sjansen. Til slutt får Anders Midthjell en ny sjanse til å lobbe inn i tomt bur etter at Stryn sin ellers gode keeper spelar ballen rett i beina på Midthjell på 25 meter. Fjorårets toppscorar har litt bedre tid enn han trur og derfor går den litt for kjappe avslutninga utanfor.

Stryn vinne dermed kampen 1-0 og har med det full pott etter to kampar i vinterserien. For Eid var det positivt med ein godt gjennomført 2. omgang, men kvaliteten på avslutningane må opp fleire hakk til seriestart om drøye tre månadar. Ettersom Eid søndag skal spele to kampar med juniorlaget var det ein god del spelarar som fekk kvile eller kun spelte 30-45 minutt. Dagens Eidar var uten tvil den 15-årige debutanten Sindre Kolseth som i tillegg til 4-5 solide redningar var trygg og god heile kampen. Vegard Krøvel Flatjord må også få positiv omtale etter eit fantastisk løp heim for å hente nye sko etter at dagens første par revna etter to minutt.

Sist redigert søndag, 19 januar 2014 08:12

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut