Menn
fredag, 07 februar 2014 21:54

Larsnes/Gursken-Eid 2-3 (0-2)

Skrive av 
Kristian Lefdal har no skåra sitt første mål for Eid sitt a-lag! Kristian Lefdal har no skåra sitt første mål for Eid sitt a-lag!

Eid slo i kveld divisjonskollega Larsnes/Gursken på bortebane etter eit seint vinnarmål av Kristian Lefdal.

0-1 (03 min): Erik Rotihaug scorar frå nærmare 50 meter. Han slår ei avklaring frå Larsnes/Gursken sitt forsvar direkte tilbake i bue over keeper og Eid får ein pangstart på kampen.

0-2 (41 min): Elias Lund Johansen aukar leiinga til 2-0 etter å ha blitt spelt igjennom av Alexander Már Hallgrímsson som i denne kampen prøvespelte for Eid. Avslutninga til Lund Johansen slo neppe nokon rekord når det gjeld km/t på River Plate Stadion, men ein uheldig keeper (som tidligare hadde varta opp med eit par gode redningar) slapp likevel ballen igjennom det som var av hender, armar og bein og vidare inn i mål.

1-2 (52 min): Frispark frå langt hold som går over alt som er av Eidaspelarar og i mål bak Tom-Øyvind Solheim som ved denne anledninga sto for langt plassert til venstre i målet.

2-2 (87 min): Larsnes/Gursken tar eit raskt frispark frå 35 meter mot bakre stolpe og kan upressa utligne til 2-2. Her blir Eid straffa for å være sløve på dødball når seieren skulle sikrast på slutten.

2-3 (90 min): Eid drar likevel i land seieren når Kristian Lefdal header ballen vakkert i mål etter innlegg frå Mats Ole Bakke. Meget bra kombinert av dei to innbytterane, og dette var også det første målet til Lefdal på Eid sitt A-lag.

Totalt sett ein vel fortjent seier til Eid som likevel fremdeles brenner litt for mange klare målsjansar. Midtbana blei godt balansert av Johan Skorge, Øystein Aabrekk, og Bjørn Totland, og bakover på bana fungerte det meget bra i første omgang mens det var litt meir rusk i maskineriet i 2. omgang. Totalt sett kjem ikkje heimelaget til meir enn 3-4 brukbare sjansar i løpet av 90 minutt, og dette lovar bra når det gjeld Eid sine muligheter til å følge opp den gode bortestatistikken frå ifjor.

Neste kamp for Eid er laurdag 15. november når TMFK kjem på besøk på Eid Idrettspark til siste kamp i vinterserien sitt gruppespel.

Sist redigert laurdag, 08 februar 2014 09:48

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut