Menn
laurdag, 15 februar 2014 13:03

Eid utklassa TMFK i Vinterserien

Skrive av 

Eid sikra seg ein semifinaleplass i årets Vinterserie med ein komfortabel 6-1-seier mot Tornado Måløy FK laurdag formiddag.

Kampen starta med at heimelaget pressa TMFK bakover og skapte tre bra sjansar allereie før 10 minutt var gått. På den fjerde sjansen kom målet, og det var av den meget flotte sorten. Ein crossar frå Øystein Aabrekk blei vidaresendt frå Eivind Skrede på venstrekanten til Arild Rindal som hadde lurt seg opp i 16-meteren. Rindal treff ballen perfekt på volley og avslutninga fauk inn bak TMFK sin etter kvart travle keeper.

TMFK fekk sin eine store sjanse i omgangen kort tid etter 1-0, men heimelaget fekk rydda unna i siste liten. Eid fortsatte i det neste kvarteret å ha det meste av ballen uten å skape så mange sjansar. Derimot tok det heilt av det siste kvarteret når Eid gjekk frå 1-0 til 6-0. I denne perioden scorar Elias Lund Johansen tre mål, bl.a ei nydelig scoring der han curlar ballen med venstra ned i hjørnet for keeper. På dei to andre måla kjem han åleine med keeper og setter ballen kontrollert i mål.

2-0 og 4-0 blei satt inn av Jan Olav Humborstad og Ruben Leirgulen Kullsveen som begge set ballen sikkert i mål frå 8-10 meters hald. Spesielt 4-0-målet var flott etter at Eid kontrar TMFK i senk med eit av mange flotte angrep i 1. omgang. Totalt vinne Eid sjansestatistikken 10-1 dei første 45 minutta, og 60% uttelling må seiast å være eit langt steg i riktig retning frå kampen mot Larsnes/Gursken. Spesielt flott at begge backane er med opp i angrep og med det scorar kvart sitt mål.

2. omgang burde vel eigentleg forbigåast i stillhet, men sjølv om Eid også i denne omgangen vinn sjansestatistikken (5-2) så er dette ein omgang langt under pari. TMFK scora omgangens einaste mål på ein corner etter ca. 70 minutt. Her var det litt for sløv markering som gjorde at bortelaget i det minste vant omgangen og retta opp litt av det svært slette inntrykket frå 1. omgang. Dødballmål i mot har vore eit problem i årets treningskampar, så desse får vi håpe ein gjer seg ferdige med før seriekampane er i gang.

Vi minner om at neste kamp som involverer Eid er allereie komande onsdag når Sogndal kjem på besøk til NM-kvalik for juniorar. Kampen startar kl. 13:00 og forhåpentlegvis blir det mange heimesupporterar som stiller opp for å støtte heimelaget!

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut