Menn
fredag, 21 februar 2014 13:05

Semifinalehelg i vinterserien

Skrive av 
Eid møter Florø i måra! Eid møter Florø i måra!

Full runde i vinterserien med 3 nye kampar i måra.

Kl 1100 er det kamp om 5. plassen. Her møter Skavøypoll Sandane og det blir i så måte eit reint 4. divisjonsmøte. Begge laga låg i toppen i fjorårets 4. divisjon, og det er nok venta at laga vil befinne seg på øvre halvdel også i komande sesong.

Kl 1300 er det klart for første semifinale. Stryn møter Ørsta. I forrige runde slo Ørsta Sandane 5-0, medan Stryn gjekk på eit noko overraskande tap mot Skavøypoll. Stryn må belage seg på eit favorittstempel, men kan det kome ein skrell her?

Kl 1500 spelar Eid mot Florø. Ifølge Haugenfotball så har ikkje Florø sitt a-lag kamp denne helga, så det kan bety at dei stiller eit meget sterkt lag til kampen mot Eid. Eid har i det siste hatt fin stigning og slått divisjonskollegane Larsnes/Gursken og Tornado Måløy. I måra kan Eidarane får sin tøffaste test for året når Florø kjem med mange spelarar som held 2. divisjonsnivå.

Få med deg status i lokalfotballen i måra på Eid idrettspark!

Sist redigert fredag, 21 februar 2014 13:20

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut