Menn
måndag, 24 februar 2014 11:02

Florø møter Ørsta i finalen i vinterserien

Skrive av 
Tidlegare storspelar Kristoffer Aarskog i Eid-treningskjorte! Tidlegare storspelar Kristoffer Aarskog i Eid-treningskjorte!

Florø og Ørsta gjekk sigrande ut av sine semifinalar laurdag.

Det var full runde i vinterserien laurdag med 3 nye kampar. Her er litt info om desse.

Kamp om 5. plass

Skavøypoll møtte Sandane til kamp om 5. plassen. Sandane hadde før dette møtet tapt begge sine innleiande kampar mot Florø og Ørsta. Skavøypoll hadde eit ok gruppespel der dei ba. spelt uavgjort mot Eid, tapte mot TMFK og slo Stryn.

Kampen mellom Polljen og STIL endte til slutt med 2-0 siger til Polljen. Begge måla kom i 2. omgang og vart skåra av Kristoffer Djuvik og Asle Eldevik. Vi takkar Skavøypoll for god deltaking i årets vinterserie. Sandane har fortsatt ein kamp igjen.

Utklassing i 1. semi

Ørsta og Stryn spelte 1. semifinale, og om retten til finalespel. Det skulle vise seg at eit ungt Strynelag fekk problem mot eit meir rutinert Ørstalag. Ørstingane ga seg ikkje før det stod 7-1 på tavla. Terje Rebbestad og Henrik Gjengår var frampå 2 gangar kvar, medan Torgeir Halsen, Davis Tvergrov og Jørgen Winjevoll putta eit kvar. For Stryn skåra Pål Henning Myren.

Vi gratulerer Ørsta med ein fin siger og finaleplass mot Florø. Takkar også Stryn for deltakinga på vinterserien.

Jamn kamp mellom Eid og Florø

Kampen mellom Eid og Florø vart ein jamn batalje. Eid gjekk i føringa i det 16. minutt ved Jan Olav Humborstad. Høgt press og gjenvinning frå Øystein Aarbekk gav Jan Olav tid åleine med keeper, og han feila ikkje. Florø utlikna etter flott spel i det 21. min ved Kristoffer Ryland.

Ellers var kampbilde mykje at Florø trilla ball mot eit kompakt Eid. Eid var farlege på kontringar og det var i så måte eit rettferdig resultat med 1-1. Kampen vart så avgjort på straffesparkkonkurranse der Florø skåra på alle sine straffer.

Vi gratulerar Florø med plass i finalen.

Finalerunde 8. mars

Siste runde i vinterserien går laurdag 8. mars. Då møtes:

Kl 1100: TMFK - Sandane

Kl 1300: Eid - Hødd 2 (Eid og Stryn har blitt einige om å ikkje spele denne kampen då vi allereie har spelt 2 kampar i oppkøyringa)

kl 1500: Florø - Ørsta

Sist redigert tysdag, 25 februar 2014 09:48

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut