Menn
onsdag, 19 mars 2014 11:38

Sesongstart for herrane

Skrive av 

På laurdag spelar a-laget sin første obligatoriske kamp for sesongen 2014.

Så er endeleg ventetida over. Laurdag brakar det laust med 1. kvalikkrunde NM. Vi møter då avdelingskollega Larsnes/Gursken på bortebane.

Her er litt info om korleis ståda er for herrane før oppstarten.

Lang og god oppkøyring

Vi starta oppkøyringa til sesongen 2014 i november 2013. Noreg har eit spesielt seriesystem der vi kun spelar i serie ca 6 mnd i året. Difor blir ventetida lang utanom sesong, men vi må fortatt halde oss i form og utvikle oss.

Eid herrar sin tropp består av mange lokale gutar, og vi har dei yngste på 15 år og den eldste på 35 år. Vi har ein veldig fin miks av unge og spelarar som har passert 20 år. Det gir oss både ungdommeleg pågangsmot og rutine. A-laget har sidan november trent jamt 4 økter i veka.

Vi har spelt ein del treningskampar, og heile troppen har fått masse speletid. Vi prøva å matche laget oppover mot betre motstand slik at vi skal sjå kvar lista ligg, og har blant anna spelt mot 2.divisjonsklubbane Florø, Træff og Førde.

Lokal profil

Eid sitt lag består av spelarar som bur og trenar på Eid. Tidlegare har ein vore vandt til at spelarar blir henta heim for å spele kampar. I dagens Eidalag har vi kun 3 spelarar som ikkje bur på Eid til vanleg. Desse studerar henholdsvis i Sogndal og Ålesund, og har vore med ofte i oppkøyringa, både på trening og kamp. Når sommaran kjem er alle spelarane samla på Eid. Dette gjev oss moglegheita til å bli meir samspelte, og det sosiale blir også veldig bra.

Unge, framadstormande spelarar

Det er veldig gjevandes som trenar å ha ei spelargruppe som består av mange unge, framadstormande og motiverte spelarar. I løpet av mine 1 år og 3 månadar har vi sett ei flott utvikling på mange av dei unge. Dei som ønskjer det mest og trenar mest er dei som viser best igjen. Det er artig som trenar å sjå at vi har 5 spelarar som held guttealder som kan gå inn og gjere ein god jobb i 3. divisjon. 

Sesongen 2014

Vi var svært heldige med geografien i avdelinga vår. Vi spelar i avdeling 8, og skal møte lag frå Sunmøre, Sogn & Fjordane og Hordaland. Eid er midtpunktet i avdelinga.

Høgdepunkta blir utvilsomt kampane mot erkerival Stryn, i tillegg til at vi også skal møte TMFK. Det er også mogleg at ein får sjå nokre større fotballprofilar på Eid stadion i år. Vi skal møte 2. laga til Aalesund, Sogndal og Hødd. Desse laga har alle lokale innslag frå Nordfjord. Kanskje ser vi Peter Orry Larsen, Azar Karadas eller Erik Sandal spele kamp her?

Vi har ei litt flytande målsetning for sesongen i 3. divisjon. Ein kamp om gangen. Det som er sikkert at vi har ei flott utvikling i laget, og vi skal kunne gje alle laga vi møter kamp til døra. Ei målsetning vi i trenarteamet har er at vi fortsatt skal utvikle alle dei spennande unggutane som er i klubben. Vi har trua på ein flott sesong i 3. divisjon!

Først er det cup. Vi møter Larsnes/Gursken. Dei har vi møtt i treningskamp tidlegare i år, og då gjekk vi sigrande ut med 3-2 etter ein jamn kamp, der vi hadde dei fleste og største sjansane. Vi har eit godt lag til kampen laurdag (som går kl 1500 på River Plate stadion i Gursken).

Målsetninga vår for cupen er at vi når 1. runde. Vi vil veldig gjerne ha eit tippeligalag på Eid stadion!

Håpa mange vil ta turen til våre kampar i år.

Sportsleg helsing

Bjørn

 

 

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut