Menn
laurdag, 22 mars 2014 20:44

Eid ute av NM etter tap mot Larsnes/Gursken

Skrive av 

Eid tapte i dag 2-3 borte for divisjonskollega Larsnes/Gursken i 1. kvalifiseringsrunde i NM. Stillinga til pause var 1-0 til heimelaget etter ei straffeskåring på overtid.

1. omgang var prega av mykje vind som igjen hverken ga det store spelet eller dei store sjansane. Sjølv om Eid hadde det meste av trykket dei første 45. minutta var det berre ein stor målsjanse til kvart av laga før heimelaget fekk straffe rett før pause. Simen Nord hindra ein Larsnes/Gursken-spelar i opplagt skåringsposisjon på 5-6 meter, og dermed blei det både straffe og rødt kort. Keeper Sindre Kolseth var nær å ta straffa, men det blei dessverre ein baklengs med inn i garderoba for Eid.

Etter pausen la Eid om til 3-5-1 med Anders Midthjell inn som spiss for Elias Lund Johansen. Starten på omgangen var omtrent som en gresk tragedie i medvind når Larsnes/Gursken aukar til 2-0 etter knappe to minutt på ein flott enkeltmannsprestasjon. Eid slår kjapt tilbake med eit mål av Øystein Aabrekk etter eit flott frisparktrekk i kompaniskap med Bjørn Totland. Kort tid etterpå går derimot Larsnes/Gursken opp i ny tomålsleiing, og det ser dermed veldig vanskelig ut med en drøy halvtime igjen. Eid viser derimot stor moral med å komme tilbake til 2-3 etter at Ove Balsnes skårar sikkert ipå straffe etter 72. min. Resten av kampen er det Eid som pressar og har blant anna ein stor sjanse ved Øystein Aabrekk som blir redda glimrande av heimelaget sin keeper. På slutten når Eid må satse alt framover har også Larsnes/Gursken to store sjansar på kontringar som blir stoppa av Eid sin solide sisteskanse Sindre Kolseth.

Kampen ender 3-2 til Larsnes/Gursken som i hvert fall den første timen viste seg som eit mykje bedre lag enn i treningskampen før i år. For Eid sin del var dei siste 40. minutta svært positive med tanke på at ein kun hadde 10 mann på bana og ikkje ga opp sjølv om det såg vanskeleg ut. Synd at ein ikkje var "på" frå start av, då burde dette ført til avensement til ny kvalikrunde første veka i april.

Vi ynskjer Larsnes/Gursken lykke til i neste kvalikrunde. Vi ber samtidig om tillatelse om å av og til kalle laget for L/G i framtidige referat p.g.a at det krevs ein god del tid å skrive Larsnes/Gursken, og faren for feilskriving er relativt stor for ein som berre hadde 4 i norsk. Eventuelle protestar mot dette kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. :)

Sist redigert onsdag, 26 mars 2014 12:32

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut