Grasrotandelen
torsdag, 09 januar 2014 16:24

Eid startar fotballakademi

Skrive av 
Eid startar fotballakademi Eid startar fotballakademi

Eid fotball lanserar sitt fotballakademi. Eit breiddetilbod for alle som vil spele masse fotball.

 Akademiet som er lansert idag er for jenter og gutar fødde i 1998-2001.

Kvifor akademi?

Eid fotball vil at alle våre spelarar skal ha eit best mogleg tilbod. Akademi blir difor eit ekstra tilbod til dei som ikkje får nok fotball via sine lagstreningar. Spelarane i klubben får også moglegheiten til å trene med andre årstrinn enn sitt eige når dei er på akademi.

Akademitrenarane vil vere trenarar i Eid fotball som har teke kurs i regi av Norges fotballforbund, og vil således også vere ein utviklingsarena for våre trenarar.

Åpent for alle

Eid sitt akademi er eit breiddetilbod, og vi håpar at både våre jente- og gutespelarar vil melde seg på. Vi skal skape samhald og klubbkjensle, og idrettsglede og læring skal stå i fokus.

Akademiet vil i store delar bestå av spelforma øvelsar der ein skal lære spelprinsipp uavhengig av formasjon. I tillegg er det satt opp 2 timar med teori, og der kan tema ein kjem innom bli kosthald, eigentrening, belastning, skule etc. 

Akademiet har 30 plassar, og påmelding startar søndag 19. januar kl 1800. Blir ikkje akademiet fyllt opp av spelarar frå Eid, kan også spelarar frå andre klubbar melde seg på.

Eid fotball vil også jobbe med å utvikle akademi for andre årsklassar.

Har du spørsmål til akademi så ta kontakt med klubbutviklar Bjørn Totland.

 

Sist redigert torsdag, 09 januar 2014 22:33

Hovudsponsor

spv 300

Sponsorar

cklogo hori cmyk posR
normatic-logo
«Toyota
Rema 1000
 
Chatlet Sport
Eid Elektro
Bryggen Hotel
Nordrikk
Opal Entreprenører
nike-logo-100

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut