Dommarane i Eid IL fotball

Hovudsponsor

spv 300

Andre sponsorar: 

Dommarane i Eid IL fotball

Slik tek vi vare på og utviklar dommarane.

  • Eid Fotball skal tilby klubbdommarkurs til alle aktørar i dei eldste klassene innan aldersfastlagd fotball. Desse må då ha med seg trenar eller andre vaksne frå miljøet rundt laget på kurset.
  • Klubben må sørgje føre at alle som deltek på klubbdommarkurset får sjansen til å dømme. Dei må då få ei oppfølging i etterkant, slik at ein kan snappe opp dei som får smaken på dette.
  • Sportsleg utval bør få tilbakemeldingar frå trenarar og oppmenn på personar som gjer inntrykk av å passe i dommargjerninga.
  • Dei som ynskjer gå vidare med dømminga bør snarast råd få tilbod om å delta på rekrutteringsdommarkurs. Desse må då få tett oppfølging vidare frå dommaransvarleg i SU.
  • Dei nye dommarane skal raskt inkluderast i dommarmiljøet i klubben. Slik kan vi byggje opp ein kultur som seinare vil hjelpe oss i fråfallsproblematikken.
  • Vi skal aktivt gå inn for å støtte dommarar som får tilbod om utviklingsskapande aktivitetar gjennom SFFK.
  • Vi skal samstundes syte føre at dommarar (etter gjennomført rekrutteringsdommarkurs) som dømmer for Eid fotball får utstyr slik at dei kan profilere vår klubb positivt i SFFK sitt fokus på stil og profil innan dommargjerninga.

Skjermbilde 2018-02-08 kl. 17.06.18

Lest 1224 gonger Sist redigert torsdag, 08 februar 2018 16:06
Meir i denne kategorien « Barnefotball

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut