Organisering av Fotballen i Eid

Hovudsponsor

spv 300

Andre sponsorar: 

Organisering av Fotballen i Eid

Organisering av fotballen i Eid - Styret, SU, tilsette

 

Styret er klubben sitt høgste organ. Styret vert valt på årsmøte for Eid IL Fotball. Styret har det overordna ansvaret for utvikling og drift av klubben som organisasjon, og det sportslege tilbodet.

Tilsette i klubben skal jobbe utifrå utarbeid stillingsinnstruks, gjeve av styret. Tilsette er underlagt styret, med oppfølging av styreleiar.
Styret skal orientere trenarar, lagleiarar og andre medlemmar om tilsette, og deira funksjon/oppgåver.

Sportsleg utval «SU». Klubben skal ha eit sportslig utval. SU skal ha minst to representantar frå styret. SU skal minst ha ei rolle direkte knytt til sportslig ansvarleg seniorfotball og sportsleg ansvarleg aldersbestemt fotball. Styret skal orienterast om aktivitet og saker som er oppe i SU. Dette utvalet skal saman med styret, vere det organet som ser til at aktivitetane skjer i tråd med klubben sin Sportsplan, og elles Norges Fotballforbund sine retningslinjer.

SU, og styret, har ansvar for utvikling av Sportsplanen.

SU har, saman med styret, det overordna ansvaret for å sjå til at sportsplanen vert følgt, og skal sjå til at det sportslige tilbodet i klubben er godt for alle.

SU skal jobbe for gode langsiktige planer i forhold til spelarutvikling, trenarutvikling og dommarutvikling - og bidra til at klubben får realisert planane.

 

Dommar

Dommarane i klubben skal vere kjent med klubben sin sportsplan.

Dommar skal bidra til god kommunikasjon med klubben sitt styre/SU, tilsette, trenere og lagleiarar. Dommar skal bidra til fokus på Fair Play.

Dommar skal ha fokus på læring overfor spelarane og støtteapparatet.

Dommar skal bruke Eid IL Fotball sine profilerte kle, når ein representerer klubben.

Dommar skal bidra til å rekruttere dommarar i klubben, og inkludere desse på best mogleg måte. Dommar har ansvar for eiga utvikling, vise interesse for kurs/utdanning.

Trenar

Trenar har ansvaret for den sportslege aktiviteten i si treningsgruppe.

Trenar skal følgje Eid IL Fotball sin Sportsplan og elles dei retningslinjer for barnefotball og ungdomsfotball, utvikla av NFF. Trenar skal samarbeide med og lytte til SU/styret, og til sportskoordinator i klubben.

Trener har ansvar for at alle typar spelarar uavhengig av modning, kjønn, religion, fysiske/psykiske hemningar, skal alle få eit godt tilbod og gode forutsetningar for utvikling.

Trenar skal jobbe for gode sosiale relasjonar i spelargruppa, og gje ros og oppmuntring for å skape trivsel i gruppa. Trenar skal også setje gode og trygge rammer rundt trening og kamp, og fokusere på positive løysingar som gjev meistrings kjensle blant spelarane. Trenaren skal vere eit godt forbilde for spelarane. Det skal vere ein samanheng mellom det ein seier og det ein gjer.

Trener skal fremje fokus på Fair Play, både i laget, i klubben, mot medspelarar og dommarar.

Trenar i Eid IL Fotball skal streve mot eiga utvikling som trenar. Klubben ønskjer at trenarar tek tilbydde kurs, og deltek på trenarforum i klubben.

Det er viktig at trenar har god dialog med foreldregruppa i laget.

Trenar skal bruke Eid Fotball sine profilerte kle, som er tildelt når ein representerer klubben.

Lagleiar

Alle lag i seriespel skal ha lagleiar.

Lagleiar skal veljast blant føresette på foreldremøtet. Lagleiar får tildelt lagleiarinnstruks frå klubben.

Lagleiar er føresette sin kontaktperson inn mot trener og klubben sitt styre/SU. Lagleiar skal bidra til eit godt samarbeid med trenarar, andre lagleiarar, styret/SU og sportskoordinator.

Lagleiar skal bidra med praktisk organisering kring laget sine aktivitetar.

Lagleiar skal fremje verdiane i Fair Play. Lagleiar skal gjere føresette kjende med foreldrevettreglane.

Lagleiar skal kjenne til Eid IL Fotball sin sportsplan, og bidra til å sjå til at sportsplanen vert følgt i gruppa. Lagleiar har rett til å gripe inn om sportsplanen ikkje vert følgt.

Kommuniser med spelarar og foreldre gjennom media, som skal vere valt på foreldremøte. Respekter aldersgrenser på sosiale medium som t.d. Facebook.

Lagleiar/trenar skal bidra til at det vert gjennomført eit foreldremøte i starten på sesongen. Her skal ein gå gjennom innhaldet i sportsplanen, velje lagleiar om det ikkje allereie er valt, ta opp tema som cup, Fair Play, dugnadsarbeid i klubben og anna aktuelt.

Lagleiar kan delta på trenerforum om ønskjeleg.

Lagleiar skal bruke Eid IL Fotball sine profilerte kle, når ein representerer klubben.

Føresette

Vis interesse for borna og ungdomen. Still opp på kamp og i trening. Gje positiv støtte og tilbakemelding til alle på laget. Dette bidreg til å skape eit godt miljø.

Føresette skal respekter trenaren si rolle og avgjersler. La trenarane få gode og ryddige arbeidsforhold, og opphald deg på motsett side av trenar og spelar under kamp. Føresette skal ikkje «coache» spelarane.

Gjer deg kjent med foreldrevettreglane, og ver eit godt førebilete både overfor spelarane. Respekter dommaren sine avgjersle.

Alle føresette oppfordrast til å setje seg inn i klubben sin sportsplan.
Møt opp på foreldremøte, og still opp på dugnad og andre arrangement i regi av Eid fotball. Lagleiar er føresette sin kontaktperson ved eventuelle spørsmål.

Spelaren

Spelaren må sjølv vise ansvar for å utvikle eigne ferdigheter. Møt presis til trening og kamp, og meld alltid ifrå viss du ikkje kan møte til trening eller kamp.

Spelaren skal representere Eid Fotball på ein best mogleg måte gjennom å vise lojalitet til klubben, til eige lag, og vise respekt både for medspelarar, motstandarar og dommarar.

Vis alltid god folkeskikk!! Banning og mobbing eller anna nedverdigande ytringar mot andre menneske, er ikkje akseptert.

Bruk av rusmidlar i samband med trening, kamper, sosiale arrangement og turneringar i regi av Eid Fotball, er ikkje akseptert.

Ta del i fellesoppgåver og dugnadsarbeid med ei positiv innstilling. Bidra til å halde orden på laget sitt utstyr, og rydd etter deg når du har vore på trening. 

Lest 1236 gonger Sist redigert torsdag, 08 februar 2018 16:02

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut