Visjon, verdiar og dugnadsarbeid

Hovudsponsor

spv 300

Andre sponsorar: 

Visjon, verdiar og dugnadsarbeid

 

Fotballglede for alle.

Eid IL Fotball skal vere ein inkluderande fotballklubb. Vi skal gje alle spelarar og frivillige, den beste føresetnad for utvikling som fotballspelar, i tillitsvalt rollen og som menneske i eit inkluderande miljø.

Verdigrunnlag

Eid IL Fotball skal vere klubbstyrt. I Eid er det klubben som set premissane for utvikling og korleis vi driv den sportslege aktiviteten. Klubben sin til ei kvar tid gjeldande sportsplan, set rammene for korleis vi vil ha dei i Eid Fotball.

Eid IL Fotball skal følgje NFF sine rådgjevande retningslinjer. Eid IL Fotball skal ha fokus på spelarutvikling.

Eid IL Fotball skal vere ein klubb med stor fokus på alle born og unge, uavhengig av kjønn, religion, ferdigheter, alder og anna.

Eid IL Fotball skal ha eit godt sportsleg tilbod tilpassa føresetnadar og ambisjonsnivå til den enkelte spelar. Alle skal ha gode utviklingsmoglegheiter.

Vi skal vere opptekne av Fair Play.

Vi har nulltoleranse for mobbing og rasisme.

Vi skal ha eit godt samarbeid mellom årskull og lag i klubben. Vi skal vere opptekne av sunt kosthald og gode vaner. 

Mål

Eid IL Fotball skal jobbe aktivt med å utvikle klubben i ei inkluderande og tidsriktig retning. Vi skal ha som mål å vere ein klubb som set fokus på idrettsglede, fellesskap og helse.

Vi skal ha som ambisjon å utvikle fotballspelarar og gode menneske gjennom eit godt sportsleg tilbod, tilpassa foutsetninga og ambisjonane til den enkelte spelaren.

Eid IL Fotball ønskjer å vere representert på dei ulike representasjonslaga for SFFK. Vi skal ha vere ein attraktiv klubb, med eit positivt omdømme.

Eid IL Fotball skal kvart år tilby frivillig og tilsette i klubben utdanning/kurs. Vi skal jobbe for at alle trenarar har barnefotballkurset og/eller C trenerkurs.

Eid IL Fotball skal kontinuerlig jobbe for å rekruttere dommarar, trenarar og andre tillitsvalte. Eid IL Fotball skal jobbe for utvikling av anlegg.

Dugnadsarbeid

I Eid IL Fotball skal og må dugnadsånda være fundamentet hos alle, både i organisasjonen sitt styre og ulike utval, og blant trenarar/lagleiarar, spelarar og føresette.

I Eid IL Fotball er det forventa at ein stiller på dugnad, når klubben bed om det. 

 

Lest 1348 gonger Sist redigert torsdag, 08 februar 2018 15:57
Meir i denne kategorien Organisering av Fotballen i Eid »

Fair Play

fair play 250

Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana!

 

Alle som har lyst til å spele fotball er velkomen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin. Ingen stengast ute, uansett sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, nivå, alder, funksjonshemming, seksuell orientering eller av andre grunnar. Les meir på NFF sine heimesider.

S5 Box

Logg inn logg ut